Ordensregler

ORDENSREGLAR FOR SØRBØVÅG BÅTLAG

§1 Alle som ferdast i eller oppheld seg på land i småbåthamna pliktar å vise sømeleg framferd. 

§2 Den som ferdast med båt i hamna pliktar og vere spesielt aktsam og køyre med «dorgefart»/lågaste mogeleg styrefart slik at det ikkje oppstår skade på båtar og anlegg. 

§3 Det er ikkje tillat å kjøre motoren med tilkopla propell når båten ligg fortøyd i bryggene. 

§4 Båteigaren pliktar å fortøye båten forsvarleg og så nær fram til flytebryggja som mogeleg. Den må ikkje fortøyast slik at den kjem i direkte berøring med utriggar, fortøyningsbom eller flytebrygge(fendre). Båtar over 20 fot skal fortøyast med strekkavlastara på begge sider både framme og bak. 

§5 Båteigaren pliktar å føre forsvarleg tilsyn med båten samt å passe den med ausing. Samstundes har kvar båteigar og medlemmane i båtlaget elles plikt til å vere årvakne når dei ferdast i hamna og straks utbetre/rapportere til rette vedkommande feil og manglar med båtfortøyningar og anlegget elles. 

§6 Ved utsegling skal fortøyingane samlast på bryggje og utriggar/fortøyningsbom. 

§7 Flytebryggjene skal ikkje brukast til oppbevaringsplass. ( For krabbeteiner, taukveilar, taljer m.v.) 

§8 Brennbare stoff må oppbevarast forsvarleg, og det må utvisast spesiell aktsomheit ved handsaming av bensin og olje. Bensin tærer opp isopor. 

§9 Avfall skal leggast i bossekk eller fjernast frå hamneområdet. 

§10 Uttak av straum til anna enn handlampe/handverktøy er ikkje tillat. Dersom det er trong for straum til oppvarming(vifteomn, fønar etc.) skal det innhentast tillatelse frå styret på førehand. Slik straum skal utbetalast av brukaren etter gjeldane takst pr. kilowatt- time. 

§11 Etter bruk skal alle skøyteleidningar straks fråkoplast den elektriske tavla og kveilast opp. 

§12 Alle slangar skal etter bruk straks kveilast opp. 

§13 Bruk av slipp og båtplass nr 2 skal vere så kortvarig som mogeleg. Styret avgjer lengda på opphaldet ved konfliktar. 

§14 Båtar kan ikkje leggast i opplag på hamneområdet eller naboeigendommar utan etter løyve frå styret/vedkommande grunneigar. 

§15 Parkering på moloen eller vegen langs nordsida av hamna er ikkje tillat. Parkering av bilar må elles skje slik at den ikkje hindrar ferdsel med bil i hamneområdet eller hindrar parkerte bilar frå og «komme ut». 

§16 Styret og medlemmane i båtlaget har plikt til og sjå etter at desse reglane vert følgt. Styret avgjer elles alle tvistar som måtte oppstå når det gjeld tolking av desse reglane eller eventuelt manglar på reglar.